Om meg

Friday, October 26, 2012

sjølvet som vare.


nyliberalismen og konsumerismen er i ferd med å endre subjektas forhold til seg sjølv. marknadens logikk et seg inn i sjela slik at sjølvet får varekarakter og vert omsetteleg på sjølvets marknad der eigenverdi skal vurderast. i dette spelet har vi ikkje blitt mindre, men meir avhengig av kvarandre. i marknaden er der ingen selgar utan kjøpar. tilsvarande er du avhengig av den andre sitt blikk for å fastsetja din verdi - og utan verdsetjing frå andre veit du ikkje lenger din eigen.

å gjere seg synleg - skaffe seg tilgang til den andre sitt blikk - blir ein langt viktigare kompetanse. utan den andres blikk kan du heller ikkje realisere din eigen identitet, eller vite kven du er.
men blikka er flyktige og upålitelige.

i merkevarekulturen bir utfordringa å prestere seg sjølv, prestere sin eigen kropp, sin personlegdom og sin eigenart - gjere seg til teikn og merkevare verdsett av den andres blikk.

paradokset er at i ein kultur der dei fleste er opptekne av å bli sett, er det færre igjen til å sjå. menneske som ikkje blir sett på eit vis om avklarer deira verdi, kan utvikle dramatiske strategiar (t.d. sjølvskading, anoreksi og suicidalitet) i jakta på noko i andres blikk som kan gi tillit og tryggleik:

du er bra nok som du er.


(utdrag fra "psykologi - den gode kunnskapen?" av Tor-Johan Ekeland)

3 comments:

Lise said...

sant.

aasne said...

lise hvem? :)

Lise said...

lise som egentlig ikke vet hvem du er, men syns du skriver veldig fint og sant og fortjener å høre det :)