nyliberalismen og konsumerismen er i ferd med å endre subjektas forhold til seg sjølv. marknadens logikk et seg inn i sjela slik at
sjølvet får varekarakter og vert omsetteleg på sjølvets marknad der eigenverdi skal vurderast. i dette spelet har vi ikkje blitt mindre, men meir avhengig av kvarandre. i marknaden er der ingen selgar utan kjøpar. tilsvarande er du
avhengig av den andre sitt blikk for å fastsetja din verdi - og utan verdsetjing frå andre veit du ikkje lenger din eigen.
å gjere seg
synleg - skaffe seg tilgang til den andre sitt blikk - blir ein langt viktigare kompetanse. utan den andres blikk kan du heller ikkje realisere din eigen identitet, eller vite
kven du er.
men blikka er flyktige og upålitelige.
i merkevarekulturen bir utfordringa å
prestere seg sjølv, prestere sin eigen kropp, sin personlegdom og sin eigenart - gjere seg til teikn og merkevare verdsett av
den andres blikk.
paradokset er at i ein kultur der dei fleste er opptekne av å bli sett, er det
færre igjen til å sjå. menneske som ikkje blir sett på eit vis om avklarer deira verdi, kan utvikle dramatiske strategiar (t.d. sjølvskading, anoreksi og suicidalitet) i
jakta på noko i andres blikk som kan gi tillit og tryggleik:
du er bra nok
som du er.
(utdrag fra "psykologi - den gode kunnskapen?" av Tor-Johan Ekeland)