I dag kalla du på meg. Eg kunne ikkje lenger halde meg for øyrene eller seie at eg hadde viktigare ting eg måtte gjera. Eg adlyda, og gjekk ut til deg.
Du låg der urørd og uredd framfor meg. Du var dekt av kvitt lin, du blenkte mot meg i all din prakt. Sola skein på deg og gjorde deg så fin. Eg måtte smile, eg fekk låne deg litt i dag. Eg lo mot deg, ein barnleg latter og eg kjende at hjarta leika seg litt.
Du låg der urørd og gav meg all di merksemd, sjølvom eg godt visste at eg ikkje var den fyrste som fekk trå inn til deg. Men i dag var det du og eg. Åleine i all vår prakt.
I dag kalla du på meg, og eg kunne ikkje seie nei.
Du fine, fine telemarksnatur - i dag trollbatt du meg.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
2 comments:
Vakkert. Ting blir bedre på nynorsk. Penere. Rart.
paul andreas: ja, på en måte penere. på en annen måte litt kleinere ;)
jeg vil også få si at den faktiske skituren var langt finere enn hva jeg klarte å få ned på papiret.
gode gud!
Post a Comment